Teknikk: Penn, sort kritt og blyant på papir
Størrelse: 50 x 65 cm
Produksjonsår: 2018
Prisen inkluderer 5% kunstavgift.
Bildet viser skiferstein som dekker mesteparten av overflata. Det er tegna slik at den mørke steinen i nokre partier i bildet vert lys og i andre partier mørk.
Skiferstein er sand, leire og grus som over lang tid er vorte forsteina og omdanna til skifer.
Om kunstneren:
Det handlar om å prøve forstå seg sjølv i natur. Naturen er også meg. Naturen er sårbar. Naturen er oss menneske i ei anna form. Det er glidande overgangar mellom det vi kallar kultur og natur i oss, og det er desse overgangane eg freistar koma nærmare.
Å tegne natur gjev ro, meditasjon og det er konsentrasjon over lang tid. Det er alltid noko nytt å sjå og å kjenne, sjølv om det er sett og kjent mange gonger før.
Sigfrid Hernes var "Månedens tegner" i januar 2021