Om kunstneren:
Det handlar om å prøve forstå seg sjølv i natur. Naturen er også meg. Naturen er sårbar. Naturen er oss menneske i ei anna form. Det er glidande overgangar mellom det vi kallar kultur og natur i oss, og det er desse overgangane eg freistar koma nærmare.
Å tegne natur gjev ro, meditasjon og det er konsentrasjon over lang tid. Det er alltid noko nytt å sjå og å kjenne, sjølv om det er sett og kjent mange gonger før.
Sigfrid Hernes var "Månedens tegner" i januar 2021