Tegnerforbundet
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Kviskreboka

350,-

Kviskreboka ble utgitt i forbindelse med Tegnetriennalen 2023 – All that Lies Between. De originale verkene i boka ble vist på Deichman Bjørvika i triennaleperioden. Boka var tilgjengelig på alle visningssteder.

Om Kviskreboka

Kviskreleiken er ein leik som ein kan leike med få eller mange deltakarar, og han er kjend som festleik. Først stiller deltakarane seg opp på ei rekkje eller sit i ring. Den som begynner, skal deretter finne på ei hemmeleg melding. Deretter kviskrar han eller ho denne meldinga i øyret på neste person. Den andre personen skal gjenta og kviskre vidare til den tredje deltakaren. Deretter blir det kviskra til den fjerde personen, også vidare. Når kviskringa har kome heilt til den siste deltakaren, skal han eller ho seie meldinga høgt til heile gruppa. Den opphavlege meldinga vil då som oftast vere heilt annleis, fordi ho har blitt tolka og gjentolka av dei ulike deltakarane. Når deltakarane brukar stemmene sine, kvar med sin intonasjon og si vektlegging, vil den siste meldinga, som blir sagd høgt av den siste i rekkja, ofte skilje seg mykje frå den opphavlege meldinga. Dette gjev ofte eit artig eller morosamt resultat.

I Kviskreboka har vi teke med oss ideen frå kviskreleiken og styrt resultatet i ei litt anna retning. Vi har først invitert ein teiknar til å lage ei teikning, og så har vi bede ein forfattar eller lyrikar om å skrive ein tekst basert på korleis han eller ho opplever å sjå på teikninga. Her er det sjølvsagt ikkje snakk om å skrive om kunstverket på den profesjonelle måten som ein kunstkritikar eller historikar gjer det. I staden ønskjer vi at teksten skal danne eit gjensidig rom av litterær biletbruk mellom dei to, slik at dei litterære bileta i skrivinga, fungerer som ein parallell til biletbruken i teikninga.

Det neste steget i prosessen med Kviskreboka var å sende denne teksten til ein ny teiknar, med oppdrag om å lage ei teikning. Opplevinga av å lese teksten skulle altså føre til endå eit bilete. Denne utvekslinga heldt fram i ei gruppe med totalt 19 teiknarar og forfattarar, og resultatet skulle gjevast ut som ei kunstbok og stillast ut. Tanken vår var at i ein periode på nesten to år, skulle ein pakke med teiknepapir som både kunstnarane og forfattarane skulle bruke, bli send fram og tilbake mellom deltakarane og Tegnerforbundet. Målet skulle vere å skape eit ope felt der ein la vekt på dei faktiske verka og ikkje kven som hadde laga dei. Tekstane og teikningane skulle sendast anonymt til deltakarane. Resultatet av denne verbale-visuelle samtalen med «bind for auga» er no samla i denne boka. Føremålet med dette prosjektet har vore å undersøkje korleis synsbiletet (i dette tilfellet teikninga) kan bringe fram mentale bilete gjennom tekst, og omvendt. Kva har slike prosessar til felles, og kva skil dei frå kvarandre? Kva samband har dei to prosessane med kvarandre? Vi håpar at dette prosjektet vil setje i gang ein prosess i deg, hos lesarane og hos sjåarane, og at det opnar seg eit felt der kanskje den mest relevante tilnærminga for å forstå kva vi ser og høyrer, vil vere å sleppe laus våre eigne oppfatnings- og assosiasjonsevner, irrasjonaliteten vår og intuisjonen vår.

Følgjande kunstnarar og ordkkunstnarar er med i Kviskreboka:

Mette Stausland, Fredrik Høyer, Idun Baltzersen, Terje Dragseth, Anna Sofie Mathiasen, Agnes Ravatn, Cato Løland, Janne Stigen Drangsholt, Sverre Malling, Sigbjørn Skåden, Damla Kilickiran, Jenny Hval, John Arne Sæterøy/Jason, Gulraiz Sharif, Bjørn Hegardt, Inger Wold Lund, Kurt Johannessen, Øyvind Berg og Kim Hiorthøy.

Kuratorgruppa for KviskrebokaOttar Karlsen, Roddy Bell og Hilde Lunde.

Trykk ENTER for å søke