Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Brynhild Winther, Portrett 1


11.550,-

Teknikk: Fargeblyant på papir

Størrelse ramme: 44,5 x 34,5 cm

Størrelse ark: 33,5 x 24 cm

Produksjonsår: 2017

Ramme: Treramme/ gullfarget; Refleksfritt glass (Produsent: Glass og Rammebutikken AS, Landås, Bergen)

 

Prisen inkluderer 5% kunstavgift.

 

Om kunstneren

Brynhild Winther:

Ting eg ikkje forstår:

Eg forstod ikkje kva du meinte då du stod der midt i rommet og sa at det var interessant at eg hadde teikna eit portrett. Eg såg alle dyra på veggene mine. Så såg eg på deg. Du snudde deg, og peika på eit stilleben. Teikninga var av eit utstoppa ekorn med eit dukkehovud tredd over den eine labben. Så peika du på dokkehovudet.

Eg forstod ikkje korleis eit dukkehovud kunne vere eit portrett når ei teikning av eit daudt ekorn som har levd eit liv, ikkje kan vere eit portrett. Du forklarte meg at dukka har eit andlet.

Ein anna dag blei nokon fornærma og støtt, av at eg hadde plassert portrett av to sjimpansebarn ved sida av stipendiatane i gangen. Sjimpansane blei fjerna.

Det ligg noko i mellomrommet mellom menneske og dyr. Eller noko i avstanden. Noko eg ikkje klarar gripe tak i. Noko som omhandlar definisjonar og stillheita etter at mennesket har slutta å snakke.

Brynhild Winther var "Månedens tegner" i februar 2018.

CV_Brynhild Winther