Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Brynhild Winther; I skogen ligg det pinnar...


10.710,-12.600,-

Tilbudet slutter 19.12.2018

Tittel: I skogen ligg det pinnar som bjørnen har tissa på

Teknikk: Blyant og tusj på papir

Størrelse: 100 x 70 cm

Produksjonsår: 2016 - 2018

 

Prisen inkluderer 5% kunstavgift.

 

Om kunstneren

Brynhild Winther:

Eg har nyleg lært at dei fleste menneskje tenkjer i ord, og difor er det ein fare for at delen av min statement som omhandlar teikning, blir feiltolka og lest som om det var meint å vera poetisk. Eg meiner det bokstaveleg: Det første skrivne ordet var ei teikning av eit dyr. Eg tenkjer i bilete og teikning er mitt hovudspråk. Teikneprosessen min handlar i stor grad om å tenkje høgt gjennom teikning, òg å konstruere hybridar mellom feller og kart, kor målet er å gå seg vill med vilje i teoriar og ting som oppstår undervegs. Somme fragment av tanken blir omset til ord direkte på teikningane eller i notatbøker. Men, ikkje alt i teikninga kan omsetjast til ord fordi det eksisterer i ein logikk som ikkje er avgrensa av gramatikken sine reglar. Motseiingar er òg ein viktig del av min prosess fordi kontradiksjonar er det einaste punktet i ord, kor ulike logikkar kan eksistere samstundes.

Basert på det faktum at den menneskelege logikk og rasjonalitet endrar seg gjennom tidene, kan ein sei at ingen av desse eksisterer utanfor kroppen, og kan berre sjåast som projeksjonar på ei verd av ikkje-kontrollerbare kompleksitetar. Verda er ikkje enkel nok til at det menneskelege intellekt kan forstå den. Den er heller ikkje basert på menneskeleg logikk, og alle andre dyr har ei anna logikk.

Brynhild Winther var "Månedens tegner" i februar 2018.

CV_Brynhild Winther